Nordre Strand oppvekstsenterLytt til tekstenStopp avspillingNordre Strand oppvekstsenter er Nordre Strand skule og Eikehaugen barnehage under ein administrasjon. Skulen og barnehagen ligg vegg i vegg, i fredelege og vakre omgjevnadar, på Fiskå nord i Strand kommune. Her er fjord, vatn, skog og fjell lett å koma til og ta i bruk. Sist endret 14.11.2023 10.43 Skuleåret 2023-24 er det 64 elevar ved skulen fordelt på 1. - 7. trinn. Skulen er fådelt og det betyr at nokre klassar består av to alderstrinn. Dette skuleåret har me 5 klassar ved skulen. Skulen har også ein SFO som mellom anna nyttar naturen, skulegarden og gymsalen til kjekk og variert leik og aktivitet. Skulen er dei siste åra totalrenovert utvendig og våren 2022 kom det ny kunstgrasbane der me før har hatt grusbane. Eikehaugen barnehage har to fulle avdelingar, ein småbarnsavdeling og ein stor. Førskulegruppa går til skulen ein dag kvar veke på førskulen. Konstituert virksomhetsleder er Reidun Annette Vasstveit.