Strand kommune har vedteke at det er nynorsk som er hovudmål i dei offentlege skulane i Strand. Frå august 2024 blir ny opplæringslov gjeldande, og her er det ei endring frå gjeldande lov som kan få konsekvensar for organisering av grupper på ungdomsskulane. Dette kjem fram i Kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskoleopplæringa.
§ 3-1. Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen
Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 3-2, 3-3, 3-4 eller 3-6.
Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.
Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er.
Elevane som skal starta på 8. trinn til hausten skal sjølv velja kva skriftspråk dei vil ha som hovudmål, og dette valet skal dei gjera nå i vår. Barneskulane sender informasjon om dette til elevar og føresette på 7. trinn i veke 8.
Ny lovtekst finn de her: Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - Lovdata.