PP-tjenesten Midt-Ryfylke
PP-tenesta er ei interkommunal tjeneste, felles for Strand og Hjelmeland.
PPT Midt Ryfylke ynskjer å være ein positiv hjelpeteneste.
Vi vil jobbe for gode utviklingsvilkår for barn og unge i tett samspel med miljøa.
Hovudmål: Kompetanseheving og tidleg intervensjon.
PP-tenesta sitt mandat er regulert i opplæringsloven § 5-6 og barnehageloven § 19 c.
PPT skal hjelpa barnehagane og skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at dei kan leggje betre til rette for born og unge med særlege behov.
Opplæringslova og lov om barnehager seier vidare at: Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal og sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Ei sakkunnig vurdering skal alltid føreligga før det vert gjort enkeltvedtak om spesialundervisning i skulen eller spesialpedagogisk hjelp for barn under skolepliktig alder.
Les meir på utdanningsdirektoratet sin side for pedagogisk psykologisk teneste.
Kven er vi?
Fagpersonene som arbeider i PP-tjenesten har høg fagleg utdanning, som oftast innanfor områder som psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, m.m.. PPT Midt-Ryfylke har 5,6 stillingshjemlar.
Kva kan vi tilby?
- Konsultasjon og veiledning
- Utredning og rådgiving
- Sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning
- Vurdering av behov for viderehenvisning til 2.linjetjenesten
- Hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling
Kven kan få hjelp?
- Barn under skolepliktig alder med særlege behov for oppfølging
- Barn og unge i grunnskulealder med særlege behov for oppfølging
- Vaksne med spesialpedagogiske behov
- Foreldre/føresette
- Ansatte og leiarar i barnehagar og skular
Korleis kan ein få hjelp?
- Foreldre kan henvisa eige barn til PPT
- Helsestasjon, skule eller barnehage, kan henvisa etter samtykke frå føresette.
Tilvisningsskjema
Tilvisingsskjema finn du her.
Krav ved henvisning finn du her.
Kontakt oss
Sentralbord: 51743100
Epost: ppt@strand.kommune.no
Publisert 23.09.2022 12.45