Viltforvaltning

Viltforvaltning

Viltforvaltninga i kommunen omfattar alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging, og det er utarbeida kart over viktige viltområde for kommunen. Dette for å sikre viltinteressene i arealplanlegginga. Skogbruket er gitt eit eige ansvar for å ta vare på viltet og anna biologisk mangfold ved drifta av skogsområda.

Alt vilt er freda dersom ikkje anna er fastsatt i lov eller vedtak med heimel i lov. Direktoratet for naturforvaltning fastset jakttida for dei jaktbare artane, men kommunen kan forlenge eller forkorte denne for enkelte arter. Kommunen er myndigheit for det meste av viltforvaltninga, medan fylkeskommunen har ein rettleiings- og kontrollfunksjon og er klagemyndigheit.

Hjorteviltforvaltning i kommunen – omfatter bl.a. fastsetting av kvoter og fellingstillatelser, fastsetting av minsteareal. Våren 2005 vart ”Strand viltforum” oppretta for å stake ut ein hensiktsmessig og langsiktig hjorteviltforvaltning. Strand viltforum består av reprensentanter henholdsvis frå naturvernforbund, Strand jegerforening, valdansvarlige, bondelag, skogeigarlag og Strand kommune. Strand kommune har ein relativt god bestand av både hjort og rådyr. Villrein har ein ikkje i kommunen.

Alle som driv jakt og fangst, må vere registrert i jegerregisteret og betale ei årleg jegeravgift. I tillegg må ein løyse jaktkort eller innhente løyve av grunneigarane.

Kommunen tek seg av fallvilt av elg, hjort og rådyr. Fuglar og anna vilt som vert funnen dødt i naturen, er staten sin eigendom. Men ei rekke arter kan likevel behaldast for utstopping, og statsforvalteren har liste over desse. For preparering av arter som ikkje står på denne lista, må ein søkje statsforvalteren om løyve. Søknad skal sendast av autorisert preparant. Statsforvalteren har oversikt over autoriserte preparantar i fylket.

Ved påkjørsel og skade av vilt skal politiet kontaktas snarleg. Politiet vurderer vidare om ettersøksekvipasje blir satt inn for sporing og avliving av skadet vilt.

Viltforvaltning i Strand kommune

Vilt er dyr som lever fritt i naturen. Noen viltarter kan du jakte på, men bare hvis det er lov. Det er direktoratet for naturforvaltning som bestemmer hvilke viltarter du kan jakte på og når jaktsesongen er. Kommunen kan gjøre jaktsesongen kortere eller lengre for noen arter.

Kommunen har ansvar for å ta vare på viltet i sitt område. Fylkeskommunen hjelper og kontrollerer kommunen, og kan også behandle klager.

Påkjørsel og skade

Hvis du kjører på eller skader et dyr med bilen din, må du ringe politiet med en gang. Politiet bestemmer om det trengs noen som kan lete etter og avlive det skadde dyret.

Vakttelefon: 911 39 919

Kontaktperson i Strand kommune: Trond Leirflåt, telefon: 97513014

Liste med navn: skadet vilt og ettersøk (PDF, 84 kB)