Tilskott til drenering av jordbruksareal
Fulldyrka jord med god dreneringstilstand er avgjerande for å få ein god avling med høg kvalitet på graset.
Publisert 20.10.2016 08.57
God drenering er også viktig for at jordbruket skal vera tilpassa eit endra klima med meir intens nedbør. Det blir gitt tilskot til tidligare grøfta jordbruksareal, fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite. Tilskotssats er 1000 kr/da ved systematisk grøfting, profilering eller omgraving.