Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l.

Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l.

Tilskot til avløysing ved sjukdom skal hjelpe til å finansiere avløysing på føretak med vanleg jordbruksproduksjon når brukaren på grunn av sjukdom eller svangerskap/fødsel ikkje kan delta i arbeidet på driftseininga.

 

Det kan ytast tilskot til føretak for leige av avløysing ved:

  • Sjukdom 
  • Svangerskap/fødsel (også tidskonto)
  • Sjuke barn
  • Adopsjon av barn under 15 år
  • Dødsfall

 

Den som treng avløysing må:

  • Ha næringsinntekt i føretaket over 1/2 G (dei 2 siste kjende likningsåra)
  • Vere sjukmeld / fødselspermisjon
  • Ikkje fylt 70 år

 

Frist for å sende inn søknad til kommunen er 3 månader etter siste avløyste dag i sjukdomsperioden.

 

Søknadsskjema tilskot til avløysing ved sjukdom