Tidlegpensjonsordning

Tidlegpensjonsordning

Bønder som er 62 år og som har drive aktivt jordbruk i minst 15 år, kan søkje tidlegpensjon.

 

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt sin hovuddel av inntekta si frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Formålet er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere til rekruttering. 

For å få tidlegpensjon vert det stilt bestemte krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Referanseperioden er fem samanhengande år, der siste år er to år tilbake i tid frå søknadsåret. Vilkår for tidlegpensjon er at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar.  Ny eigar kan ikkje vere ektemake eller sambuar.

 

Søknadsskjema for tidligpensjon for jordbrukarar