Regionalt miljøprogram inneheld ei rekkje nye tilskotsordningar for å ta vare på miljø- og kulturlandskapsverdiane i jordbruket.

I Rogaland er det arbeidd spesielt med desse miljøutfordringane:
Hindre gjengroing, med tilskot til mellom anna:
-
vedlikehald av bratt jordbruksareal
-
utegangarsau
-
sau/storfe som beitar i friluftsområde og område verna etter naturvernlova
-
årleg drift av beitelag
Ta vare på verdifulle kulturlandskapselement med tilskot til m.a.:
-
vedlikehald av styvingstre
-
vedlikehald av kulturminne; freda gardsanlegg og gravfelt
Redusere ureining med tilskot til bruk som
-
har levert landbruksavfall til godkjent mottak
-
ikkje har synlege bossfyllingar
-
har gjennomført nødvendige tiltak mot ugras
Andre tilskott: Tilskott til årleg vedlikehald av merka turstiar og gamle stølsvegar
Krav for å kunne søkje: Det er krav om miljøplan trinn 1. For dei fleste ordningane er søknadsfristen 1. oktober. Søknadsfrist for tilskott til årleg drift av organiserte beitelag er 1. november.
Kontaktperson i kommunen Signe Erevik, tlf 51 74 30 54
Publisert av Ingeborg Sedberg Eie
Publisert 07.07.2005 09.55