Etter ”Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar til landbruksformål” må alle som skal bygge slike vegar søkje om løyve på førehand. Forskrifta gjeld både bil og traktorvegar.
Kva krevjast for å motta tenesta
Det kan stillast krav til linjeføring, teknisk utforming og miljøtilhøve til vegen.
Kva gjer kommunen
Søknadsskjema er å få hjå kommunen eller på nett. Kart med innteikna vegtrasè skal leggast ved søknaden. Søknaden vert sendt til kommunen. Traktorvegar og skogsbilvegar handsamast som regel administrativt. Søknader om skogsbilvegar skal sendes til høyring til statsforvaltaren og rogaland fylkeskommunen før dei vert vedtatt.
Sakshandsamingstid er frå 5 til 10 veker avhengig av høyring. Høyringsinstansane skal ha minst 2 månadars høyringsfrist.
Sist endret 31.05.2023 03.42