Nordre Strand oppvekstsenter

Nordre Strand oppvekstsenter er Nordre Strand skule og Eikehaugen barnehage under ein administrasjon.

nordre strand oppvekstsenter. - Klikk for stort bilde

Skuleinformasjon

Skuleåret 2024/25 er det 71  elevar ved skulen fordelt på 1. - 7. trinn. Skulen er fådelt og det betyr at nokre klassar består av to alderstrinn. Skulen er dei siste åra totalrenovert utvendig og våren 2022 kom det ny kunstgrasbane der me før har hatt grusbane. 

Skulen og barnehagen ligg vegg i vegg, i fredelege og vakre omgjevnadar, på Fiskå nord i Strand kommune. Her er fjord, vatn, skog og fjell lett å koma til og ta i bruk. Ved Nordre Strand oppvekstsenter er det i dag 109 barn og 23 vaksne.

SFO

Skulen har også ein SFO som mellom anna nyttar naturen, skulegarden og gymsalen til kjekk og variert leik og aktivitet. 

Eikehaugen barnehage

Eikehaugen barnehage har to fulle avdelingar, ein småbarnsavdeling (opptil 3 år) og ein avdeling for barn i alderen 3-6 år. Det er 38 barn i barnehagen. Førskulegruppa går til skulen ein dag kvar veke på førskulen. Dei bruker SFO sine lokalar til leik og aktivitetar.