Nordre Strand oppvekstsenter

Nordre Strand oppvekstsenter (NSO) er Nordre Strand skule og Eikehaugen barnehage under ein administrasjon.

nordre strand oppvekstsenter. - Klikk for stort bilde

«Me lærer best saman!»

Det er visjonen til NSO. Den er til inspirasjon i kvardagen, og gir oss ei retning og noko å strekke oss mot i skuledrifta – på alle nivå. Visjonen løftar fram tre dimensjonar som me finn igjen i våre tre overordna målsetjingar:

  1. «Me»: Sjå kvar enkelt og skape ein trygg og inkluderande fellesskap for alle.
  2. «Lærer best»: Ruste alle for å meistre livet, og skape engasjerte, livsglade, lærevillige, uthaldande og robuste menneske.
  3. «Saman»: Lære av og med kvarandre, og aktivt bruke natur og næringsliv som læringsarena.

Me meiner desse måla har i seg kjernen av skulens oppdrag, og dei gir ein tydeleg retning for vår organisasjon. Dette er mål som forplikar oss i vårt daglege arbeid. Det same gjeld våre tre verdiar - omsorg, engasjement og fellesskap.

NSO satsar på praktisk og variert opplæring, og er bl.a. opptatt av å bruke den fine naturen i nærområdet til uteskule. I tillegg arbeider me mykje med lesing, saman med dei andre grunnskulane i kommunen.

Det er ca. 80 elevar på skulen. Små forhold skapar tryggleik, gode relasjonar og tett oppfølging av kvart enkelt elev.