Kyrkjeverja er sekretær og sakshandsamar. Det er ikkje direkte val på fellesrådet. Det er sokneråda som kvar for seg vel dei to representantane som skal sitja i fellesrådet, og det er biskopen som peikar ut kva prost/ prest som skal sitja der.
Fellesrådet 2019-2023:
Martin Ivar Arnesen leiar og geistleg representant til 30.11.2023
Eirik Stople, nestleiar til 30.11.2023
Inger Lise Alfarnes, medlem
Eli Nesvåg, medlem
Tor Jan Aarstad, medlem
Kristoffer Amdal, medlem (politisk representant)
Fellesrådet sine oppgåver:
Det er Kyrkjelova § 14 som skal vera styrande for kva saker fellesrådet tek opp. Rådet er ansvarleg for:
- Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer
- Anlegg, drift og forvaltning av kyrkjegardar
- Oppretting og nedlegging av stillingar som vert lønna over fellesrådet sitt budsjett
- Å skaffa kontorlokale for dei tilsette i kyrkja
- Skaffa lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæringa
- Andre oppgåver som til eikvar tid er pålagt av Kongen (regjeringa) eller departementet
Det er fellesrådet som er ansvarleg for kyrkja sitt samla budsjett. Fellesrådet vedtek budsjettet og følgjer opp korleis midlane vert brukte gjennom året.
Møter:
Tidspunkt for møter er vanlegvis kl. 18:00 og møtestad er kyrkjekontoret på Jørpeland, om ikkje anna blir bestemt.
Les meir om fellesrådet her