Oppheving av elgjakt i Strand

Strand kommune har vedteke å oppheva jakta på elg i kommunen, då det ikkje er ein jaktbar bestand i området. 

Tiltaket er sett i verk for å styrka elgbestanden både i Strand og i samarbeid med nabokommunen Hjelmeland, som òg har oppheva elgjakta.

Vedtaket er i tråd med FNs berekraftsmål nr. 15 – Livet på land, som handlar om å verna, tilbakeføra og fremja berekraftig bruk av økosystem, samt å stansa tap av artsmangfald.

Jakt på hjort og rådyr

Det er framleis opna for jakt på hjort og rådyr i Strand kommune. Minsteareal for godkjenning av vald og tildeling av fellingsløyve er:

  • Hjort: 1000 dekar
  • Rådyr: 300 dekar

Iverksetjing

Vedtaket gjeld frå og med no og erstattar tidlegare forskrift om elgjakt i Strand kommune: «Forskrift om minsteareal for jakt etter elg i Strand kommune, Rogaland».