Høyring – Forslag til nye skulekrinsar i Strand kommune

Strand kommune foreslår å justere skulekrinsane – og no vil me høyre kva du meiner. Målet er å fastsetje nye krinsgrenser i ei lokal forskrift, i tråd med vedtaket kommunestyret gjorde 18.06.2025.

Kvifor gjer me dette?

Kommunestyret har bede om ei gjennomgang av skulekrinsane slik at nærskuleprinsippet også skal gjelde for elevar frå tidlegare Heia skulekrins. I arbeidet har me sett på heile kommunen, og vurdert mellom anna avstand til skule, tilknyting til nærmiljøet og kapasitet ved skulane.

Opplæringslova § 2-6 gir kommunen høve til å fastsetje skulekrinsar i forskrift. Lova slår fast at elevar har rett til skule i nærmiljøet, og at kommunen skal legge særleg vekt på kva skule som ligg nærast, samt omsyn til topografi, trafikktilhøve og at barn i same område går på same skule.

Høyingsdokument

Høyring nye kretsgrenser til skulane i Strand kommune (PDF, 355 kB)

Sei meininga di

Me ønskjer innspel frå innbyggjarane før saka blir endeleg behandla.

Send din mening til postmottak@strand.kommune.no
Merk e-posten med: «Høyringsinnspel – forskrift om skulekrinsar»

Fristen for innspel er 20.03.2026