Skatepark, like ved Jørpeland sentrum, inneholder både pumptrack-bane, bowl og parkour.
Sist endret 25.08.2025 13.55
Jørpeland Skatepark er ein moderne utepark for aktivitet og idrettsglede – tilrettelagt for både nybyrjarar og dei meir erfarne.
Kva du finn i skateparken
- Plass-støpt betongpark med bowl og parkourelement
- Pumptrack-bane på 450 m², asfaltert og bygd for både sykkel, rulleskøyter og brett
- Takoverbygg som gjer at delar av parken kan brukast i all slags vêr
- Leke- og klatrestativer
Pumptrack for alle nivå
- Bygd med to hovudlinjer – perfekt for både nybyrjarar og vidarekomne
- Mange alternative linjer og kombinasjonar gir ekstra utfordringar for dei som vil teste seg sjølv
- Mogleg å gappe mellom linjer eller sykle i motsett retning for å gjere løypa meir teknisk
Sentralt anlegg for idrett og fritid
Jørpeland Skatepark er eit kompakt, men variert anlegg som inviterer til leik, trening og meistring – open for alle som vil prøve seg på hjul eller brett.