– Ungdomsskulen på Jørpeland får nå eit av dei beste uteanlegga for aktivitet og trening i heile Rogaland, seier prosjektleiar Jarle Øvrevik i Strand kommune.
Torsdag 21. november klokka 12 klippa ordførar Irene Heng Lauvsnes snora for den nye aktivitetsparken.
Fleirbruksanlegg
Parken er eit fleirbruksanlegg som består av multibane (ballbinge for fleire ballidrettar), basketbane, treningsapparat og utegym.
Det er også bygd to takoverbygg, det eine med amfi, slik at du kan trena tørrskodd.
– Aktivitetsparken er prioritert som uteområde til ungdomsskulen i skuletida, men er open for alle som trenings- og aktivitetspark etter skuleslutt, presiserer Øvrevik.
Takoverbygget med treningsapparata er utforma med tanke på universell utforming, og er tilpassa for rullestol.
Sentral plassering
Resahaugen var barneskule til og med år 2022. Men etter at barneskulen fekk nye lokale på Fjelltun skole, kunne ungdomsskulen flytta til Resahaugen. Det skjedde i 2023.
I samband med flyttinga melde deg seg behov for takoverbygg og uteområde for ungdomsskuleelevane. Det var elevane sjølve som spelte inn ønske om treningsapparat.
– Jørpeland har mangla eit aktivitetsområde for ungdommar og vaksne. Med den nye aktivitetsparken ved ungdomsskulen, er området komplett, seier Øvrevik.
Den nye aktivitetsparken har ei sentral plassering, nær uteområdet til Fjelltun, fleirbrukshallen og idrettsanlegget til Staal.
Støtte frå fylkeskommunen
Aktivitetsparken blir lyssett på kveldstid og området er kameraovervaka.
Strand kommune har søkt Rogaland fylkeskommune om midlar til prosjektet. Kommunen reknar med å få innvilga 50 prosent støtte, noko som gjer at ein sit igjen med ein kostnad på rundt to millionar kroner.
Den totale prislappen er på om lag fire millionar kroner.
Det er også laga ein ny veg inn til Jørpeland ungdomsskule.