Nytt kulturhus på Jørpeland tek form – opnar hausten 2026!

Bygginga av det nye kulturhuset i Lysebygget på Jørpeland er godt i gang. Etter nokre forseinkingar i framdrifta er opninga no sett til hausten 2026.

Det er stor entusiasme rundt prosjektet, og det jobbes no for fullt med å realisera ein framtidsretta og inkluderande møteplass for heile Strand!

Planlegg ei mangfaldig opningsveke – du kan påverka programmet!

Allereie no er arbeidet med å skapa eit spennande og mangfaldig kulturprogram for opningsveka i gang. 

Innbyggjarane blir inviterte til å sende inn forslag til kva dei ønskjer å oppleva på den nye kulturscena. Her er det rom for alle slags innspel – frå barneframsyningar og konsertar til foredrag, filmvisingar og lokale talent.

Opningsveka skal ha noko for alle aldrar og interesser, og det er viktig for kommunen at folk får vera med og setja sitt preg heilt frå starten i det nye kulturhuset.

Renate Hermansen med på laget – ny og gamal estetikk i samspel

Strand kommune har fått med seg kunstnaren Renate Hermansen til å bidra i arbeidet med visuell utforming og fargeval i bygget. Her skal det gamle og det nye møtast i eit moderne utrykk – med tydelig lokal identitet.

Gjenbruk spelar ei sentral rolle

Me har fått møblar, innredning og utstyr frå det gamle Stålverket, som vil bli brukt i både innreiing, belysning og utsmykking. Dette gjev kulturhuset eit unikt preg som er forankra i lokalhistoria, samtidig som det nye kulturhuset blir eit bygg for framtida.

Illustrasjon av interiørplanen for det nye kulturhuset.

Kultur for framtida – midt i sentrum

Det nye kulturhuset vil liggja midt i Jørpeland sentrum, i Lysebygget ved torget. 
 

Lysebygget på Jørpeland - Klikk for stort bildeLysebygget på Jørpeland blir det nye kulturhuset.

Her vil det bli plass til eit breitt spekter av tilbod:

  • Kino, kultursal og scene for konsertar og framsyningar. Kulturscena får teleskoptribune for 340 sitjande og kapasitet for opptil 600 ståande publikummarar, noko som legg til rette for både små og store arrangement.
  • Bibliotek i to etasjar, med formidlingsrom, folkeverksted og studieceller.
  • Fritidsklubb i underetasjen med fasiliteter som også kan brukes av andre brukergrupper på dagtid.
  • Frivilligsentral og fleksible møterom for lag og organisasjoner.
  • Kafédrift og uformelle møteplassar.
  • Turistinformasjon for gjestene som besøker Strand kommune.

Kulturhus med historia i ryggen og blikket framover

Det nye kulturhuset vil bidra til å styrka sentrum på Jørpeland som ein levande og attraktiv stad å opphalda seg. Med fleire daglege besøk til bibliotek, kafé, arrangement og fritidstilbod, vil det gi meir liv i sentrum og auka aktivitet for det lokale næringslivet. 

Kulturhuset si plassering midt i sentrum vil gjera området meir attraktivt både for innbyggjarar, tilreisande og nye etableringar – og vere med på å byggja ein sterkare identitet for Jørpeland som kultur- og handelsby.

Har du forslag til program for opningsveka?

Send dei inn til kulturavdelinga i Strand kommune – alt er lov å foreslå! 
Mail: roger.nybroen@strand.kommune.no