Fremmede fiskearter

Visste du at det er forbod mot å sleppe ut gullfisk i vatn eller skylje dei ned i do? Kvifor? Fordi det blir rekna som faunakriminalitet å setje ut framande artar i naturen.

I Rogaland er dette eit aukande problem. I vår kommune blei det oppdaga fleire gullfisk på Holteheia for nokre år sidan. Like i nærleiken var det eit tjern med storsalamander, ein art som er raudlista og som er truga av fisk. 

I kommunen er det også ørekyt og karpe. Andre stader i fylket er det blant anna funne abbor, sørv, gjedde og karpe. Dette er framande artar som trugar det naturlege mangfaldet i vatna våre.

Kva kan du gjere?

Ikkje slepp ut fisk i naturen – uansett art!!

Dersom du ikkje kan ha akvariefiskane dine, kan du:

  • Gi dei bort eller selje dei
  • Avlive dei på ein human måte

 

Filmsnutten er laga av Vassregion Rogaland.