Eikehaugen barnehage

Me har avdelingar for barn mellom 1 til 6 år og plassar frå to til fem dagar i veka.

Avdelingar

Me har to avdelingar, ein for 1-3 år og ein for 3-6 år

Stor avdeling 3-6 år, telefon 404 00 274
Liten avdeling 1-3 år, telefon 404 00 280

Barnehagen ligg i eit flott naturområde. Me har både fjell og sjø rundt oss, og ikkje minst ein skogssti som går frå barnehagen og ut til Vostervatnet. Me brukar nærområdet vårt året rundt til turgåing, leik, aking m. m.

Barnehagen vår

Personalet

I barnehagen legg me stor vekt på medvitne vaksne som ser barna og leikar med dei. Me har fokus på ulike tema som me arbeider med gjennom året. Barnehagen har også eit nært samarbeid med skulen. Me er m. a. med på ulike arrangement og låner rom og utstyr.

Plasser

Me tilbyr 40, 50, 60, 80 og 100 % plassar.

Åpningstid

6.45-16.15

Besøksadresse

Fiskåvegen 987, 4121 Tau
Se Eikehaugen barnehage i kart

Kartpunkt for Eikehaugen barnehage - Klikk for stort bilde