Det blir Åpen hall kvar fredag i Jørpeland fleirbrukshall.Frå og med fredag 24. januar kan du spela fotball, innebandy, basket eller driva med andre ballidrettar i fleirbrukshallen på Jørpeland.
Det er også fritt fram for tikken, gøymeleiken eller bare vera sosial i den flotte hallen. E-sport-rommet blir også ope for dei som er mest gira på gaming.
– Tidspunktet for Åpen hall blir fredagar frå klokka 18-21. Me følgjer i utgangspunktet skuleruta, men prøver å ha eit tilbod også i skuleferiane dersom me får det til, seier administrasjonsmedarbeidar Stig Marthinussen i Staal.
Trygt og rusfritt tilbod
Åpen hall er primært for dei i barne- og ungdomsskulealder. Men om det skulle vera barn i barnehagealder som har lyst til å leika seg i hallen med søsken eller andre vaksne, er også dei velkomne.
– Me kan dela hallen i seks delar, så her skal det vera tilbod for alle aldersgrupper. Og så er me opptekne av at dette skal vera eit trygt og rusfritt tilbod, seier Marthinussen.
Gratis smoothie
Staal står som arrangør av Åpen hall og idrettslaget har fått nesten 400.000 kroner i støtte frå Gjensidigestiftelsen. Det gjer det mogleg å gi litt lønn til ungdommar og unge vaksne som stiller som trivselsvakter og aktivitetsleiarar.
– Dette er trygge folk med bakgrunn frå Staal som trenarar for yngre lag eller leiarar frå feriefotballen.
– Er det nok vakter og aktivitetsleiarar?
– Me har kontroll, men det er alltid fint om fleire melder seg. Me inviterer også spelarane frå A-laget til å vera med. Dei er kjente fjes for mange og gode førebilete, seier Marthinussen i Staal.
Det blir også delt ut gratis smoothie til alle som kjem på Åpen hall.