
Vikingskipet «Draken Harald Hårfagre» kom til Jørpelandsvågen fredag 7. juni 2024. Her blir skipet liggande til våren 2025.
Etter meir enn sju år som publikumsmagnet i amerikanske farvatn, er Strand kommune stolte over å vera ny heimehamn for «Draken».
Det har dessverre ikkje lukkast å få på plass guida turar ombord i skipet, men du er hjarteleg velkommen til å kikka og ta bilete frå kaiområdet i Jørpelandsvågen.
Bygd i Haugesund
«Draken Harald Hårfagre» har ein lengde på 35 meter og ein breidde på 8 meter.
Skipet blei bygd i Haugesund frå 2009-2012, og er det det største vikingskipet som er bygd i moderne tid.
Etter år med prøvesegling og trening, blei skipet sett segl i 2016 då det segla over Atlanterhavet til Nord-Amerika i kjølvatnet av Leif Erikson.
Etter meir enn sju år i Canada og USA har skipet gjort stort inntrykk på nordamerikanarar.
Hundretusenvis av menneske har besøkt skipet og 50.000 amerikanske skulebarn har deltatt i aktivitetar på «Draken».
TV-serie på NRK
Eit kanadisk produksjonsselskap laga ein TV-serie, «Viking Quest: America», med 6 episoder rundt Draken-prosjektet så seint som i 2023.
Serien har så langt blitt sendt i 15 land rundt om i verda, og er også tilgjengeleg på NRK nett-TV.
Produsentane er interesserte i å gjera fleire sesongar framover. Ambisjonane til mannskapet er nye «tokt» våren/sommaren 2025.
Les meir om «Draken Harald Hårfagre» på heimesidene deira.