PP-tjenesten i Midt-Ryfylke

Logo - Klikk for stort bilde PP-tenesta er felles for kommunane Strand – Forsand – Hjelmeland og Finnøy og heiter difor PPT for Midt-Ryfylke.
PPT Midt Ryfylke ynskjer å være ein positiv hjelpeteneste
Vi vil jobbe for gode utviklingsvilkår for barn og unge i tett samspel med miljøa.

Hovudmål: Kompetanseheving og tidleg intervensjon.

Alle kommunar skal etter Opplæringslova ha ei PP-teneste (§ 5-6).

Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. PPT skal hjelpa barnehagane og skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, slik at dei kan leggje betre til rette for born og unge med særlege behov. Opplæringslova seier vidare at: Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal og sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Ei sakkunnig vurdering skal alltid føreligga før det vert gjort enkeltvedtak om spesialundervisning i skulen eller spesialpedagogisk hjelp for barn under skolepliktig alder.

 

PP-tjenesten

Kven er vi?

Fagpersonene som arbeider i PP-tjenesten har høg fagleg utdanning, som oftast innanfor områder som psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi. PPT Midt-Ryfylke har 9 stillingshjemlar. Ei av desse er for klinisk logoped og er reservert for Strand kommune.

Kva kan vi tilby?
  • Konsultasjon og veiledning
  • Utredning og rådgiving
  • Sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning
  • Vurdering av behov for viderehenvisning til 2.linjetjenesten
  • Hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling
Kven kan få hjelp?
  • Barn under skolepliktig alder med særlege behov for oppfølging
  • Barn og unge i grunnskulealder med særlege behov for oppfølging
  • Vaksne med spesialpedagogiske behov
  • Foreldre/føresette
  • Ansatte og leiarar i barnehagar og skular
Korleis kan ein få hjelp?
  • Foreldre kan henvisa eige barn til PPT
  • Helsestasjon, skule eller barnehage, kan henvisa etter samtykke frå føresette.
Kontakt oss

Sentralbord: 51743100

Epost: ppt@strand.kommune.no

Fant du det du lette etter?
Malin Smith

Malin Smith

Virksomhetsleder
Telefon : 51743100
E-post :  

 

Kontakt

Rådhuset

Besøksadresse: Rådhusgt 2 Postboks 115, 4126 Jørpeland
E-post : postmottak@strand.kommune.no
Telefon
: 5174 3000

Org.nr.
: 964978751
Åpningstid
: Rådhuset (08-15)