Informasjon til deg som vil starte eiga bedrift

 Har du tankar om å starte eiga bedrift? Her får du råd om kor du kan henvende deg.

Dersom du har tankar om å starte opp for deg sjølv, så kan du få hjelp hos Strand kommune gjennom Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke. Gjennom samtalar får du både informasjon og svar på mange av dei spørsmåla du måtte ha. Informasjon om kor du finn meir hjelp og kva for finansieringsmuligheter som finst vil du også få svar på.

Suksess er 80 prosent person, 10 prosent ide og 10 prosent rett tid.

 

Viktige ting du bør tenke på dersom du skal starte opp for deg sjølv

 

Finst det marknad for ideen din? Kven er kundane? Kor er dei? Kor vil dei kjøpe det du sel? Kvifor? Kva slags utstyr treng du for å kome i gong? Kva treng du for å kome vidare med dette prosjektet?

 

Nokre gode råd på vegen

  • Snakk tidleg med kvalifiserte personar om prosjektet ditt. Bygg om deitt eige uformelle nettverk som består av ulike personar du kan diskutere ulike spørsmål med.
  • Finn tidleg ut kor du kan få finansiert prosjektet ditt.
  • Lag forretningsmodell - ver konkret
  • Ha kontroll på økonomien - frå første stund. Start og ten pengar så fort som mogleg.

 

 

Etablerarstipend
Strand kommune har eit etablerarstipend som nyetablerte bedrifter kan søke på. Dette er pengar som kan nyttast til planlegging, marknadsføring, studieturar, etablerarkurs, kompetanseheving med meir, men ikkje til investeringar. Maks beløp er kr 10 000. For å få etablerarstipend må du ha ein rettleiingstime av Næringssjefen eller Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke. Ta kontakt for å avtale tid.

 

Etablerarrettleiing
Å starte ei bedrift krev planlegging. Mange spørsmål skal ha svar og mange vurderingar må gjerast. Hos Bedrifstutvikling i Ytre Ryfylke får du informasjon, rådgjeving og rettleiing når det gjeld etablering av eiga bedrift - liten eller stor verksemd. I tillegg kan du få hjelp til å lage forretningsmodell, budsjettering, finansieringsplan, val av selskapsform og litt om marknadsføring. Du får tilbod om nettverk, kontaktpersonar og får vite om dei ulike tilskottsordningane som finst. Etablerarar får tilbod om oppfølging, besøk, informasjon om studieturar, kurs, etablerarkurs med meir. Ta kontakt med Kari Sand - kari.sand@strand.kommune.no - 5174 3021 eller 950 31 190.

 

Skape.no - etablerersenteret for Rogaland
Skape.no tilbyr informasjon og aktivietar som skal bidra til at etablerarar i Rogaland har større mulighet til å lykkast med etableringa si.Målet er å gi ei god og helskapeleg oversikt over dei tilboda som finst i Rogaland. Marknadsføring av alle aktivtetane vert gjort på nettstaden og spesielt vil kurskalenderen gi ein god oversikt over kva som vert tilbydd. Bedriftutvikling i Ytre Ryfylke er skape.no sin kontaktperson i Strand.

 

Innovasjon Norge
har både tilskot, rentestøtte og lån. Du kan få finansiert marknadsundersøkingar, kompetanseheving, prøveproduksjon og mykje meir, men prosjekta må vere nyskapande. Har du ein landbrukseigedom, kan du søke om IBU-midlar (tidlegare bygdeutviklingsmidlar). Både Næringssjefen og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke kan hjelpe deg i søknadsprosessen mot Innovasjon Norge.