Fakta om jordbruket i Strand

Strand har et kystklima med milde vintrer og long vekstsesong. Dette gjev eit klima for grovfòrproduksjon (eng- og beitevekster) som er blant det beste i landet. Klimaet er også svært gunstig for frukt, bær, og grønnsaksproduksjon samt fks juletre. Mesteparten av jordbruksareala i kommunen har eit produksjonspotensiale som er høgare enn det som er vanleg i gode jordbruksområder i landet.

 

I Strand er det om lag 26000 dekar med jordbruksareal, dette tilsvarer eit areal på om lag 3600 fotballbaner og utgjer 13% av kommunens landareal. Fulldyrka og overflatedyrka jord har eit areal på 13170 dekar, innmarksbeite har eit areal på 12550 dekar. Det er 68800 dekar produktive skogareal i Strand, desse utgjer 35% av kommunens landareal. På eit typisk gardsbruk i Strand driv ein med grasproduksjon i saman med husdyrproduksjon. 95% av den dyrka jorda vert brukt til grasproduksjon. Det vert produsert frukt og bær på 51 dekar. Det er ca. 140 som søkjer produksjonstilskott i Strand, her produserast det 5.000.000 liter mjølk årleg, det vert levert 572 tonn slaktegris, 324 tonn kylling, 185 tonn sauekjøtt, 240 tonn storfekjøtt, 768 tonn egg pr. år. I 2016 er det 180 ammekyr, 720 mjølkekyr, 1580 andre storfe, 8000 vinterfora sauer, 370 purker, 42500 verpehøns, 207.000 slaktekylling og 6400 slaktegriser.

 

 Bilde til faktaside - Klikk for stort bilde

Fant du det du lette etter?

Kontakt

Rådhuset

Besøksadresse: Rådhusgt 2 Postboks 115, 4126 Jørpeland
E-post : postmottak@strand.kommune.no
Telefon
: 5174 3000

Org.nr.
: 964978751
Åpningstid
: Rådhuset (08-15)