Varsel om oppstart av detaljregulering av Grødem steinbrot, plan 1130201911
I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for del av eigedomen gnr./bnr. 2/1 og 3 i Strand kommune.
Morten Espedal er forslagsstillar og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.
Publisert 19.11.2019 09.14
Sist endret 19.11.2019 10.03
Planområdet består av eigedomane gnr./bnr. 2/1 og 3. Planområdet er om lag 172 daa.
I kommuneplanen sin arealdelen for Strand kommune har del av planområde formål råstoffutvinning, medan største delen er LNF-formål (landbruk, natur og fritid)
Regulering Planområdet er ikkje regulert og det er ikkje regulering pågang i nærområdet.
Det er gjeve løyve for prøvedrift for uttak av lausstein og bygging av traktorveg klasse 7.
Målet med planarbeidet er å leggje til rette for:
- Steinbrot, med uttak av naturstein/skifer/knuste massar
- Massedeponi for reine massar
- Nødvendige bygg og anlegg og interne vegar for steinbrot
- Regulere opparbeidd tilkomst med framtidig justeringar
Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:
OSE AS på e-post firmapost@oseing.no
eller
OSE AS Vikeøyrane 7, 6150 Ørsta
Frist for merknadar vert sett til 06.01.2020. Merk fråsegn med P1600.