Høyring av søknad frå Lyse Elnett AS om ny kraftledning frå Dalen til Hjelmeland

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke søknad frå Lyse Elnett AS om ein ny kraftleidning frå Dalen i Strand kommune til Hjelmeland kommune, og ein ny transformatorstasjon på Hjelmeland i Rogaland fylke.

I samband med NVE si høyring av konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga ønskjer dei innspel på mellom anna følgjande:

  • Kva meiner høyringsinstansane om tiltaket?
  • Er konsekvensane godt nok utgreia?
  • Forslag til justeringar av planane for å redusere moglege negative verknader av tiltaket.
 

Fråsegner til meldinga må sendast NVE innan 2. mars 2020.