Kommunereforma

Vedtak i kommunestyremøte 8. november 2017:

"Strand kommune har merka seg at Stortinget har vedtatt ein kommunestruktur i Ryfylke som ikkje er i samsvar med tilrådingar og vedtak i Strand kommune. Strand kommune går ikkje vidare med utredning om samanslåing med Stavanger kommune. Strand kommune vil utvikle samarbeidet med alle nabokommunar for å sikre kvalitet og utvikling i tenestene."

Regjeringa presenterte kommunereforma si i mai 2014 og Stortinget handsama saka 18. juni 2014. På bakgrunn av dette inviterte Kommunal- og moderniseringsdepartementet alle kommunar i landet til å delta i prosessar med sikte på å vurdera og å avklara om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar.

 

Kommunereform - Klikk for stort bilde Fylkesmannen i Rogaland tilrår at Forsand og Strand dannar ny kommune. Fylkesmannen si tilråding til danning av fleire nye kommunar av 27.09.2016 kan du lesa her

 

 


Du kan finna meir informasjon til høgre - under "Fil" og i knappemenyane "Møteinvitasjonar", "Møtereferat" og "Kommunestyrevedtak" ovanfor.