Storsatsing på språk i Strand kommune

Kommunalleiar Marianne Skogerbø innleiar - Klikk for stort bildeKommunalleiar Marianne Skogerbø innleiar 20. april 2017 var fyrste samling om Språkløyper - ein nasjonal strategi for språk, lesing og skriving, for barnehagar og skular i Strand.

Målet er å styrka språkarbeidet i barnehagane og gjera elevar betre til å lesa og skriva.

 

 

 

.

Stort engasjement - Klikk for stort bildeStort engasjement

Det er fyrste gong det blir satsa systematisk både på barnehage, alle trinn i grunnskule og vidaregåande skule i same strategi. Strategien er laga slik at styrarar og leiarar kan ta innhaldet i bruk i barnehagar og skular straks, og heile organisasjonen skal arbeide saman om ei kompetanseutvikling.

Samlinga 20. april var eit møte mellom interesserte og dyktige medarbeidarar der alle barnehagane og dei offentlege skulane i Strand kommune var representert. Me ser fram til vidare samarbeid med språk i fokus!

Strand kommune søkte i haust Utdanningsdirektoratet om å få bli Språkkommune. Språkkommunar er ein del av Språkløypesatsinga og i følge kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil kommunane bli viktige førebilete i arbeidet med språk i barnehagar og skular. Gleda var stor då me i går fekk svar frå direktoratet at Strand kommune, den einaste i Rogaland, er med på laget!

 

Fant du det du lette etter?