Skulestart hausten 2020

Me vil ønskja nye og gamle elevar velkomen til nytt skuleår!

Grunnskulen i Strand startar opp etter ferien torsdag 13. august 2020, og på grunn av Covid-19 vil skulane ta ekstra omsyn til smittevern ved oppmøte.
 

Resahaugen skule

Klasse 1C kl. 08:30-10:30

Klasse 1D kl. 09:30-11:30

Klasse 1A kl. 12:00 -14:00

klasse 1B kl. 12:30-14:30

2. – 4. trinn bokmål møter kl. 08:15

2. – 4. trinn nynorsk møter kl. 11:30
 

Fjelltun skule

Elevane som skal gå på Jørpeland startar kl. 08:15. Elevane kan møte på skulen frå kl. 08:00 og gå til sitt klasserom. Det vil vere vaksne ute i skuleområdet og ta i mot elevane når dei kjem, og vise kvar dei skal gå.

Elevane som skal gå i Bjørheimsbygd tek skulebussen. Føresette har fått melding på transponder med oversikt over bussrutene. Dei elevane som til vanleg ikkje har rett til skuleskyss, og ikkje bur langs riksvegen møter ved ny busslomme på Fjelltunvegen til kl. 08:00. Her vil det stå vaksne og ta i mot dei. Skuledagen startar kl. 08:30 i Bjørheimsbygd.
 

Jørpeland ungdomsskule

8. trinn møter kl. 08:10

9. trinn møter kl. 08:30

10. trinn møter kl. 09:00

Elevane møter i skulegarden (ved trappa inn til administrasjonsbygget). Her blir dei vist direkte til  klasserommet dei skal ha.

Elevar frå 9. og 10. trinn som kjem tidleg med buss, møter ved B-bygg. Dei vil få eige «venterom». 
    

Tau skule

1. trinn møter kl. 09:00 i aulaen.

2. – 7. trinn møter kl. 08:30. Elevane skal gå rett til klasserommet sitt når dei kjem til skulen. Det vil vera vaksne ute frå kl. 08:20  som viser kvar dei skal gå.
 

Tau ungdomsskule

Alle elevane møter kl 08:30.

8. trinn møter ved dei same inngangane som når dei var på besøk i juni.

9. og 10. trinn går rett inn til klasserommet sitt.
 

Nordre Strand oppvekstsenter

Alle elevane møter kl. 09:00. Det er vaksne som tek imot elevane ute og viser kor dei skal gå. Elevar på 2. – 7. trinn skal gå direkte til sine klasserom når dei kjem til skulen. Elevane som skal starte på 1. trinn møter læraren sin og rektor ute ved flaggstonga.

Ryfylke læringssenter
Nye elever møter kl. 09:00 sammen med A2/B1-gruppa og modul 1.
Elever i modul 2, 3 og 4 møter kl. 09:15.

Elever blir tatt imot ute av lærerne og vist hvor de skal gå.