Varsel om gress- og lyngbrannfare

Meteorologisk institutt (yr.no og varsom.no) har oppgradert til orange farevarsel om gress- og lyngbrannfare i vårt distrikt. 

Les varselet på varsom.no 

 

Nye turskilt i Strand – målet er å få fleire på tur

Nå skal alle turskilt av tre i Strand bli erstatta av vedlikehaldsfrie aluminiumsskilt. Det blir også sett opp informasjonstavler på parkeringsplassane til turmåla.

Fagleiar for park og grønt i Strand viser fram dei nye turskilta i Strand. - Klikk for stort bildeFagleiar for park og grønt i Strand, Annette Hetlelid, er glad for at det kjem på plass nye turskilt. Magnus Stokka

Først ut til å få nye skilt er turløypene i Bjørheimsheia. Her ligg kjente turmål som Reinaknuten og Gramsfjellet.

– Målet er å få fleire ut på tur, og at turane skal bli tryggare, seier fagleiar for park og grønt i Strand kommune, Annette Hetlelid.

Viser avstand til p-plass og turmål

Målet er at dei nye skilta i Bjørheimsheia skal vera på plass i løpet av sommaren. Totalt 80 skilt av aluminium skal på plass.  

– Dei nye skilta vil visa avstanden til parkeringsplassen og til turmålet. Det gjer ikkje dei gamle skilta av tre, noko som vil gjera turen tryggare, seier Hetlelid.

Dei gamle treskilta hadde også plast på seg som hadde ein tendens til å ramla av, noko som igjen førte til forsøpling i naturen. Med dei nye aluminiumsskilta unngår ein det problemet.

Enkelt å spora opp folk

Strand kommune samarbeider med Norsk Folkehjelp om å få kodeverk på skilta.  

– Det vil gjera det enkelt å spora opp folk som går seg vill i naturen ved at dei oppgir koden på skiltet dei står ved, seier Ole Næss i Strand Frivilligsentral.

Han står i bresjen for å for å få med folk på skiltdugnaden. Alt arbeid skal nemleg bli gjort av frivillige.

– Det er ein stor jobb. Mykje skal fraktast ut, men også gamle skilt skal fraktast heim, seier Næss.

Han legg til at dei nye skilta vil ha mykje lenger levetid enn dei gamle treskilta, i tillegg til at dei vil ta seg betre ut i naturen.

Avhengig av velvilje

Nå er planen å skifta ut alle turskilt i heia i Strand. Kommunen er avhengige av velvilje frå grunneigarane for å få dette til, og manglar per nå enkelte avtalar for å nå målet sitt.

– Strand skal bli flinkare til å promotera dei mange flotte fotturane. Topphøna og Heiahorn er eksempel på turar me ønsker å løfta fram som alternativ til Preikestolen, seier Hetlelid.

Infotavler på p-plassane

Lokalpolitikarane har sett av 300.000 til skiltprosjektet frå budsjettet til Strand kommune. Kommunen har også fått 200.000 frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til føremålet.

– Det blir også sett opp store informasjonstavler på parkeringsplassane. I første omgang bli det sett opp ei tavle ved Liarvatnet. Dei vil gi god info om turane i området, seier Hetlelid.

Ho legg til at det stort sett er snakk om remerking av eksisterande løypenett i Strand, men at det blir gjort enkelte mindre tilpassingar for å gjera turane betre.

Strand kommune samarbeider med Lysefjorden utvikling på profil og uttrykk på skilta.