Fasadeteiking av det nye kulturhuset sett frå sjøsida.3. desember blei namnekonkurransen for det nye kulturhuset i Strand avslutta.
Soleklar vinnar blei Strand kulturhus. Det blir dermed namnet på det nye kulturhuset i Lysebygget på Jørpeland.
– Eg trur namnevalet viser at folk vil ha eit namn som viser tydeleg kva bygget skal vera. Nå gler eg meg til at bygget skal gjerast om til eit kulturhus, seier ordførar Irene Heng Lauvsnes, som også var med i namnekomiteen som plukka ut kandidatane folk kunne stemma på.
Med i komiteen var også konstituert leiar for kultur og næring i Strand kommune, Elin Aasheim Rossemyr.
– Å ha kommunenamnet i namnet til kulturhuset er ein fantastisk måte å visa stoltheit og tilhøyrsel til lokalsamfunnet. Det gjer kulturhuset til eit naturleg samlingspunkt for alle innbyggjarane og ein tydeleg representant for kommunen vår, både lokalt og utanfor grensene våre.
Stort engasjement
Det kom inn over 2300 stemmer i avstemminga som skjedde på strandbuen.no. Folket kunne stemma på fire namnealternativ.
Resultatet blei følgjande:
- Strand kulturhus fekk 56 prosent av stemmene.
- Lyspunktet fekk 15 prosent av stemmene.
- Verket fekk 15 prosent av stemmene.
- Torghuset fekk 13 prosent av stemmene.
– Det er utruleg kjekt at så mange har stemt. Namn engasjerer folk, men eg hadde ikkje trudd at det skulle bli ein så tydeleg vinnar, seier ordføraren.
Innflytting seinast våren 2026
Det er Lysebygget i Jørpeland sentrum som skal gjerast om til kulturhus, og planen er at det skal vera innflyttingsklart seinast våren 2026.
– Eit kulturhus er hjartet i eit lokalsamfunn – ein stad der menneske møtest, historiar blir delte og nye idear blømer. Det skaper liv og engasjement, styrkjer fellesskapet og gir oss ein arena for både kreativitet og samhald. Kulturhuset er meir enn ein bygning, det er ei investering i menneske og framtid, seier kultursjefen.
Også ordførar Heng Lausvnes meiner det nye kulturhuset blir veldig viktig for Strand.
– Byen vår treng ein møteplass i sentrum. Me skal sørgja for at det er gode opningstider og at kulturhuset blir ein møtestad for folk i alle aldrar.